Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til Titus

Paulus’ brev til Titus

1. kapitlet

1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,

2 i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,

3 men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn -

4 til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!

5 For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg,

6 um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.

7 For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,

8 men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,

9 ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot.

10 For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi.

11 Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld.

12 Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.»

13 Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui

14 og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi.

15 Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine.

16 Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.

2. kapitlet

1 Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:

2 at gamle menn skal vera ædrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet;

3 like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje vera baktalende, ikkje trælar under drykk, men vegleidarar i det gode,

4 so dei kann læra dei unge kvinnorne å elska mennerne sine og borni sine,

5 til å vera vislege, reine, huslege, gode, sine menner undergjevne, so Guds ord ikkje skal verta spotta.

6 Dei unge menner skal du like eins påminna um å vera vislege,

7 og vis deg sjølv i alle ting som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrdnad,

8 heilsam, ulasteleg tale, so motstandaren må verta skjemd, når han inkje vondt hev å segja um oss.

9 Tenarar skal du påminna um å vera sine eigne herrar undergjevne, å tekkjast deim i alle ting, ikkje segja imot,

10 ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars, læra.

11 For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneskje,

12 med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi,

13 medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,

14 han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk som er ihuga til gode gjerningar.

15 Dette skal du tala og påminna og refsa med all fyresegn. Lat ingen vanvyrda deg!

3. kapitlet

1 Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning,

2 ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje.

3 For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.

4 Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra,

5 frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,

6 som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,

7 so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.

8 Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski;

9 men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde.

10 Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger,

11 då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv.

12 Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.

13 Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.

14 Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.

15 Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024